Eksporterer norsk likestillings­politikk

Arne Selvik frå AFF er blant dei fremste norske ekspertane på bedriftsstyre. 23. januar i år var han invitert til det britiske parlamentet i London saman med fire andre norske delegatar. Temaet for dagen? Den norske kvoteringslova og kvinner i norske styrerom.

23. januar 2013 – 100 år etter at norske kvinner fekk stemmerett – er fem nordmenn inviterte til Underhuset i det britiske parlamentet. Blant dei er Arne Selvik frå Administrativt forskningsfond (AFF) ved Noregs Handelshøgskole (NHH). Initiativet til konferansen er komme frå John Edmonds og Eva Tuchell ved King’s College i London. Saman med førsteamanuensis ved NTNU Agnes Bolsø, BIprofessor Morten Huse, leiar av Styrefaglig Møteplass, Elin Hurvenes, og styremedlem i Folketrygdfondet Mai-Lill Ibsen skal Selvik gi sine perspektiv på kvoteringsregelen for kjønnsbalanse i norske ASA-styre. Han har førebudd ein konsis tale for det britiske publikummet.

For tidelig

Selvik har lang fartstid frå styrearbeid, både som leiar og medlem i rundt 50 norske styre og som ekstern konsulent for om lag 100 andre styre. Han er nøkternt forventingsfull før paneldebatten i Underhuset, eller House of Commons på lokalspråket, i den britiske hovudstaden. Han meiner at det er for tidleg å vurdere effekten av kjønnskvotering i norske styre. – Vi kunne ikkje begynne å måle effekten av stemmeretten til kvinner i Noreg alt i 1920. Det same gjeld her, seier Selvik.

Treng inspirasjon

Heile det imponerande utsmykka britiske parlamentet osar av politisk historie og tradisjon. Komitérom 9 i Underhuset, der paneldebatten skal finne stad, er fylt til randen. Bokstavleg talt. Engasjerte publikummarar har pressa seg inn, nokre nyttar til og med dei breie vindaugskarmane til å sitje i. – Det vil ta 70 år før vi oppnår likestilling, dersom vi ikkje gjer noko no, konstaterer Labour-kvinnene Meg Munn, tidlegare kvinne- og likestillingsminister og no parlamentsmedlem frå Sheffield Heeley; baronesse Sue Nye og baronesse Glenys Kinnock, tidlegare minister og no parlamentsmedlem. Kinnock blei i 2009 kåra til ein av dei mektigaste «Left-wingers» i Storbritannia. Dei tre sit på fremste rad, følgjer nøye med og stiller spørsmål til panelet. – Her i Storbritannia ligg vi langt bak. Vi treng verkeleg å hente inspirasjon frå land som Noreg, seier dei.

Bør ikkje kopierast

– Perspektivet mitt er at den norske modellen verken kan eller bør kopierast i noko anna land. Det er ein dårleg idé. Slik opnar Arne Selvik innlegget sitt. – Men, eg trur likevel at det går an å lære noko frå den norske praksisen. Og det er desse læringspunkta eg vil dele med dykk i dag, held han fram. Den erfarne styrespesialisten trekkjer fram fire hovudpoeng. – For det første er det ingen vits i å vente på at kvinner skal få styreerfaring før ein rekrutterer dei inn i eit styre. Det er bortkasta tid og heller ikkje nødvendig. Viktige kjerneeigenskapar ein heller bør vere på jakt etter, er integritet, ledig tid, relevant utdanning, kognitiv stil, kreativitet, profesjonalitet og interesse for selskapet. Desse eigenskapane bør ein sjå etter hos alle potensielle styremedlemmer – ikkje berre kvinner, meiner Selvik. Her får han støtte frå Elin Hurvenes, som i 2002 grunnla Styrefaglig Møteplass, eit nettverk som koplar høgt kvalifiserte kvinnelege styrekandidatar med styreleiarar og investorar. Organisasjonen blei etablert som eit svar på fortvilinga til toppleiarane over at dei «ikkje visste kvar dei skulle finne kvinnene». – Styra har ofte urealistiske forventingar til kva slags erfaring kvinnene skal ha. Det er jo heilt umogleg å måtte ha styreerfaring for å få styreerfaring! seier ho i det friske innlegget sitt.

Mykje testosteron

Det andre og tredje punktet til Selvik handlar om at kvinner ikkje nødvendigvis gjer styra så mykje betre, og at ein heller ikkje kan vente at botnlinja aukar med høgare kvinneprosent i dei børsnoterte selskapa, men det kjem likevel fleire positive effektar ut av ein lågare testosteronkonsentrasjon i styreromma. – Eg trur at kvinnene gjer mennene betre, seier han. Selvik peiker på at norske styre før kvoteregelen i mange tilfelle var prega av gruppetenking, og at den regjerande haldninga ofte sprang ut av eit svært høgt testosteronnivå i rommet. – Det å få nye folk inn i styra, særleg kvinner, har skjerpa rolleforståinga og balansert avgjerdene. Risikovurderingane endrar seg i takt med at testosteronnivået minkar og kortisolnivået aukar, forklarer han. AFF-aren meiner likevel at forbetringane ikkje nødvendigvis treng å ha direkte samanheng med at dei nye styremedlemmene er kvinner, men heller med det faktum at dei ofte er blitt rekrutterte eksternt. – Det handlar òg om at vi har fått nytt blod inn i styra; vi har fått medlemmer med anna erfaring, seier Selvik.

Den viktige humoren

Det fjerde og siste punktet til Selvik dreier seg om det kanskje uventa temaet humor. – Kvinner i styreromma kan ikkje kallast ein suksess før dei mannlege styremedlemmene ler like mykje av spøkane til kvinnene som av spøkane til mennene, seier han og refererer til Lycy Kellaways spalte i Financial Times frå november 2012. Kellaway viser til ein studie av Judith Baxter som påpeiker at tre firedelar av vitsane til kvinner i forretningslivet blir tagde i hel. – Kellaway konkluderer med at dersom latteren varierer med kjønn, varierer han endå meir med makt. Respons på spøk og latter har tett samanheng med status og gruppetilhøyrsle. Menn som sit høgt oppe i maktpyramidane, treng ikkje vere særleg morosame før dei blir møtte av latter og applaus, seier han.

Sparsam med konkrete råd

– Det er likevel viktig å vere obs på at norsk kvotering må setjast inn i ein kontekst. Kvoteringslovgivinga må forståast i lys av norsk likestillingsdebatt og historie, seier Selvik. Derfor vil han vere forsiktig med å gi direkte råd til det britiske publikummet. Kollega ved Institutt for tverrfaglig kultur ved NTNU Agnes Bolsø nyttar likevel høvet til å gi eit råd, trass i at ho sjølv meiner at ho eigentleg ikkje er i posisjon til det. – Noreg var «oppvarma», vi var klare for kvoteringslova. Dersom Storbritannia ikkje er det: Varm det opp! Kvinner i styreromma er veldig viktige for skøyre demokrati, og dei er «good for business» i tillegg, seier ho. Det kimar i bjøller over heile Westminster, og TV-monitoren fortel at no er det tid for å stemme. Medlemmene av Overhuset, House of Lords, unnskyldar seg og går. Og nordmennene pakkar sakene sine. Dei er nøgde med debatten. – No må vi berre vente og sjå om Storbritannia er klar for å la kvinnene ta sin sjølvsagde plass i styra, konkluderer Arne Selvik før han vender nasen heim til Noreg og Bergen.

AS eller ASA?

  • ASA-selskapa er dei største aksjeselskapa med aksjekapital på minimum 1 million kroner og med avgrensa ansvar for aksjeeigarane.
  • Eit AS er eit aksjeselskap med ein aksjekapital på minimum 30 000 kroner og ingen krav om kjønnskvotering.
  • Norske styre er blant dei minste i verda med berre 5,9 medlemmer i gjennomsnitt.

Norsk kjønnsbalanse

  • Fram til 2002 var det berre 6 prosent kvinner i norske ASA-styre.
  • I 2006 tok kvoteregelen til å gjelde, med to års frist på å rekruttere fleire kvinner til styra.
  • Regelen skulle føre til balanse ved å sørgje for at begge kjønna var representerte med minst 40 prosent i norske ASA-styre.
  • Straffa for ikkje å oppfylle kvotekravet er tvangsoppløysing av selskapet.
  • I 2008 var kvinnedelen i norske ASAstyre auka til 44 prosent.
  • Likevel styrer kvinnelege toppsjefar berre 7 promille av verdiane på Oslo Børs.
  • Det er berre fem kvinnelege toppleiarar av dei 220 selskapa på Børsen.

Kvotering i Europa

  • Utanom Noreg har også Frankrike, Nederland og Spania innført kvoteregler.
  • EU og fleire andre europeiske land vurderer no om det er råd å innføre liknande reglar, men entusiasmen er på ingen måte udelt.
  • EU stemte i fjor haust over eit forslag om 30 prosent kvinnekvotering i styre innan 2015. Forslaget blei nedstemt.
  • I Storbritannia har ein kommisjon foreslått 30 prosent kvinnedel i 2015 og 40 prosent i 2020. Ordninga skal vere høgst frivillig.
Hanna Sommerstad 22. apr. 2013