Etter fleire årmed kraftig opptur gjekk verdsøkonomien brått over i eit svalestup. Kva var det somskjedde? Kvifor skjedde det, og kva kan konsekvensane verta? Dette er nokre av spørsmåla når NHH-miljøet no sameiner sine krefter i eit breitt satsingsprogramomkrise og vekst.
Storsatsing i NHH-miljøet
.
NHH, SNF og AFF har etablert eit femårig satsingsprogram med tittelen Krise, omstilling og vekst. Målet er å få til ein fagleg dugnad som utnyttar heile det breie spekteret av økonomiskadministrativ kompetanse som finst i NHH-miljøet. Det handlar om å forstå og formidla årsaker og konsekvensar, men også om å sjå kva nye mogelegheiter ei krise opnar for.
Krise i mange næringar
Finanskrisa og den påfølgjande økonomiske nedturen representerer ei massiv utfordring for styresmakter, næringsliv og hushald over heile kloden. Førebels har rett nok Noreg sleppt lettare enn andre land. Men ikkje før var 17. mai-feiringa over, så kom tala som syner at BNP for fastlands-Noreg har falle to kvartal på rad – definisjonen på resesjon.
| AFF BERGEN, Breiviksveien 40 N-5042 Bergen |
AFF OSLO, Drammensveien 44 Postboks 2569 - Solli N-0202 Oslo |
AFF STAVANGER, Verksgata 24 N-4013 Stavanger |
TELEFON: 815 55 345 firmapost@aff.no |